Stor spennining om opp- og nedrykk

Ruben-Kenneth Brandal og Hareid tok dei tre poenga dei måtte ha mot Larsnes/Gursken, men det er framleis heilt ope om kven og kor mange som rykkjer ned frå 4.-divisjon.  

Sport

Hareid gjorde jobben heime mot Larsnes/Gursken fredag kveld. 5–2 sigeren sørga for at Hareid er oppe på ein 9.-plass i 4.-divisjon og akkurat no på trygg grunn med tanke på nedrykk. Men ingenting blir avgjort før i siste serierunde og sjølv etter sesongens siste kamp er det ikkje sikkert ein veit om det blir nedrykk eller ny 4.-divisjonskontrakt.


Hareid-kaptein og hat-trick-helt Ruben Kenneth Brandal etter den svært viktige sigeren mot Larsnes/Gursken:

- Det er ubeskriveleg, eg har nesten ikkje ord



 

Hareid avsluttar sesongen med heimekamp, men det blir truleg ein tøff kamp mot Norborg/Brattvåg II. Dei stilte sterkt borte mot Hødd II og kan nok fort gjere det same mot Hareid for å prøve å sikre at dei held seg på rett side av streken.

4.-divisjon på fotball.no

Blindheim er fortapte i botnen av avdelinga, men bak Hareid med sine 23 poeng har både Ørsta og Emblem 22. Dei to skal også møtast i siste serierunde, noko som truleg betyr at minst eitt av laga er bak Hareid også etter den 22. og siste seriekampen denne sesongen. Skulle Hareid vinne også sin siste kamp vil det garantere ny 4.-divisjonskontrakt.

Hareid har tre mål betre målforskjell enn Ørsta og seks mål betre målforskjell enn Emblem. Skulle det ende uavgjort i Emblem – Ørsta vil Hareid uansett vere over desse laga, så sant ein ikkje taper med tre mål eller meir for Norborg/Brattvåg II.

Skulle Hareid bli passert av eitt av laga er det likevel ikkje sikkert at det betyr nedrykk. Per i dag er det einaste som er sikkert at eitt lag rykkjer ned, men det kan bli både to og tre nedrykkslag frå 4.-divisjon.

Volda sikra seg avdelingssigeren før siste serierunde, då dei slo Bergsøy 4–3 i Volda fredag. Dermed skal dei opp mot KBK 2 i kvalifisering om opprykk. Volda-siger i kvalifiseringa vil bety maks to nedrykkslag frå 4.-divisjon. Volda-tap gir moglegheita for tre.

Dette avheng også av korleis det går med Herd i 3.-divisjon. Laurdag spelte dei 0–0 heime mot Lørenskog. Det er i utgangspunktet eit sterkt poeng for Herd, mot laget som ligg på andreplass i avdelinga, men ikkje nok til å krype over streken. Herd må ha poeng i siste serierunde for å berge plassen. Eitt poeng borte mot Træff kan vere nok, så sant Rommen ikkje får med seg poeng når dei møter Lørenskog på bortebane. Herd-siger vil sikre dei ny 3.-divisjonskontrakt, men etter at Træff tapte 0–2 for AaFK II laurdag er dei framleis i faresona med tanke på nedrykk.

3.-divisjon avdeling 1 på fotball.no

Nedrykk for Herd vil bety eit ekstra lag ned frå 4.-divisjon.

Det vil seie at sjølv når alle poenga er talde opp i 4.-divisjon neste fredag, så vil det framleis vere usikkert kor mange som går ned. Det er dermed langt frå slutt på dramatikken i årets fotballsesong.