Tiandeplass under Hytteplanmila

Ådne Andersen sprang inn til ein 10.-plass under Hytteplanmila.  Foto: Arkiv: Leiv Arne Grimstad

Sport

Ingen kunne gjere noko med Jakob Ingebrigtsen under årets utgåve av Hytteplanmila. 19-åringen vann suverent på 27:54 og sette med det norsk rekord på 10 kilometer gateløp. Samuel Tsegay tok andreplassen og Filip Ingebrigtsen kom inn på tredje. Dei to var 46 og 47 sekund bak yngstebror Ingebrigtsen.

"Persa" med 12 sekund

Mange hadde nok håpa å sjå Ådne Andersen vere med på jubileumsutgåva av Snipsøyrvatnet Rundt denne helga, etter at han har vist svært god form i lengre løp denne hausten. Men også Andersen var på plass i Hole kommune for å springe Hytteplanmila.

Andersen kom i mål på 29,12 – 12 sekund betre enn tida han klokka inn til under Norgesløpet første helga i oktober. Det heldt til ein tiandeplass for Dimna-utøvaren, men det var svært jamt fram til Richard Douma på femteplass med 29:00.