Bortetap for Hareid

Maria Jull Hansen vart Hareid sin toppscorar i bortetapet for Vestnes/Varfjell.  

Sport

Vestnes/Varfjell vart for sterke i 4.-divisjonskampen mot Hareid søndag.

Hareid tapte opningskampen mot Valder/Godøy 2, men det er nesten ein månad sidan sist laget hadde spelt seriekamp. Søndag gjekk turen til Vestneshallen.

Hareid scora kampens første mål då Andrea Hansen sette inn 0-1, men sjølv om Hareid var med fram til 3-3, så var det heimelaget som tok kommandoen i oppgjeret.

Frå 3-3 scora Vestnes/Varfjell seks gongar på rad før neste Hareid-scoring og før laga tok pause hadde heimelaget auka leiinga til 18-9.

Den andre omgangen heldt fram i stor grad på same måten, men Vestnes/Varfjell var endå meir målfarlege etter pause. Midtvegs i omgangen stod det 31-13 til heimelaget.

Hareid scora litt fleire mål i den andre omgangen, men sleppte også inn fleire og det blei eit klart tap på bortebane. Vestnes/Varfjell vann til slutt 46-22.

Maria Juul Hansen stod for ni av Hareid sine scoringar.