Daniel Eid, som vart kåra til kampens beste Hødd-spelar, var skuffa etter 3-0-tapet for Arendal:

- Det skal vere mykje vanskelegare å kome til Høddvoll enn det har vore i det siste

Daniel Eid er tydeleg frustrert etter at Arendal har scora sitt andre mål for kampen.  Foto: Per Werkland

Sport

- Å bli kåra til dagens beste "Høddar" er dessverre ikkje ei trøyst i det heile tatt etter ein såpass skuffande kamp. Det er fortvilande. Ingenting går vår veg, vi klarer ikkje å skape nok sjansar, sidan dei låg kompakt og godt. Og når dei då scorar på sine sjansar, så blir det tap, seier ein skuffa Daniel Eid etter 3-0-tapet for Arendal på Høddvoll i sesongens siste kamp.