Meir prisdryss over Warholm:

Karsten Warholm er årets mannlege friidrettsutøvar i Europa

Karsten Warholm tok gull på 400 meter hekk under VM i Doha.   Foto: Lise Åserud/NTB Scanpix.

Sport

For nokre dagar sidan kunne Det europeiske friidrettsforbundet annonsere at Karsten Warholm var blant dei fire finalistane til å vinne den gjeve prisen "Årets mannlege europeiske friidrettsutøvar". Han var nominert saman med den polske sleggekastaren Pawel Fajdek, Estland sin spydkastar Magnus Kirst og den svenske diskoskastaren Daniel Ståhl. Vinnaren blei offentleggjort frå scena på EA-gallaen i den estiske hovudstaden Tallin laurdag kveld.

Og ingen ringare enn Warholm blei kalla opp på scena - som årets vinnar! Presidenten i Det europeiske friidrettsforbundet, norske Svein Arne Hansen - delte ut prisen til Karsten.

Warholm takka - som vanleg - trenar Leif Olav Alnes i talen sin.

Karsten Warholm blei i år den andre nordmannen gjennom tidene som har vunne Diamond League samanlagt. Og - i slutten av september forsvarte han, som første nordmann gjennom tidene - eit VM-gull i friidrett. Han var best av alle på 400 meter hekk under VM i Doha - der han sprang i mål på tida 47,42.


PS: Karsten Warholm er også blant dei elleve kandidatane til Det internasjonale friidrettsforbundet IAAF sin pris for årets mannlege utøvar i verda.