Therese Falk frå Hareid:

Sprang seg til 14. plass i 24-timars VM

Therese Falk i eit anna ultraløp, for ei tid tilbake.  Foto: Arkiv.

Sport

Therese Falk, som opphavleg kjem frå Hareid - men som konkurrerer for Romerike Ultraløperklubb, fullførte 24-timars VM i Albi i Frankrike - og sprang inn til ein sterk 14. plass. Ho sprang i eit jamt og kontrollert tempo - utan mageproblem - som ho tidlegare har opplevd å få i enkelte løp.

Ho la bak seg heile 228,906 kilometer i konkurransen. På eit tidspunkt i løpet avanserte ho frå 50. til 24. plass - og var berre fire kilometer bak 10. plassen.

Løpet er hennar nest-beste nokosinne og fjerde gongen ho spring lenger enn 227 kilometer i løpet av 24 timar.