Vinterkarusellen:

Første løpet går laurdag

Laurdag er det klart for ei ny runde med vinterkarusellen på Hareid og sesongens første løp i Grimstadvatnet rundt.

Sterk tid: Ådne Andersen imponerte med sterke 24:10 i desemberutgåva av Grimstadvatnet rundt under vinterkarusellen 2018/19. 

  • Løp 1: Ingrid Festø 29:48
  • Løp 2: Silje Kulen 34:24
  • Løp 3: Ingrid Festø 30:04
  • Løp 4: Camilla Svoren 33:08
  • Løp 1: Andreas Vangsnes 26:31
  • Løp 2: Ådne Andersen 24:10
  • Løp 3: Olger Pedersen 27:23
  • Løp 4: Mats Fredriksen 28:40
Sport

I løpet av hausten har ein gjennomført svært vellukka utgåver av både Nordvest Maraton og Snipsøyrvatnet rundt. No er det klart for neste kapittel av landevegsløpa på Hareid, for laurdag går første løpet i vinterkarusellen 2019/2020.

Tradisjonen tru går dei fire løpa i Grimstadvatnet rundt den første laurdagen i kvar månad, frå november til februar.

I fjor varierte oppmøtet frå 34 i løp 4 til heile 55 i januarløpet, som var løpet i vinterkarusellen med best deltaking.


Klinka til med supertid

No er det berre Marius Bakken som har vore raskare enn Ådne Andersen i Grimstadvatnet Rundt.


Andersen raskast sist

Vinterkarusellens beste prestasjon i 18/19 kom i løp to, då Ådne Andersen storma gjennom dei 7,8 kilometrane på 24:10 og inn til nest-beste tid nokosinne. Han er berre slått av Marius Bakken med 22:50, og er berre den andre som har kome under 25:00.

Andersen har denne hausten vist svært gode takter på lengre distansar, frå 10 kilometer og opp til halvmaraton, og det hadde vore svært interessant å sjå kva Andersen kunne få til i Grimstadvatnet rundt i den forma han har vist den siste tida.

Medan det berre er Bakken og Andersen som har tider under 25:00 er det ti mann som har registrert tider på 25-talet på topplista for menn.

Topp tre: Ingrid Festø har berre to kvinner framom seg på topplista og vann to av fire løp i sist runde av vinterkarusellen.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Blant kvinnene er det Ragnhild Kvarberg som har bestetid med 26:51, framom Trine Pilskog på 27:05. Ingrid Festø er den som har vore raskast av kvinnene dei siste åra og ho var også raskaste kvinne i både første og tredje løp sist vinterkarusell. Desse tre er dei einaste kvinnene på topplista med tider under 30:00.


Gjorde som i fjor

Andreas Vangsnes var raskast blant herrane, medan Ingrid Festø var raskaste kvinne under sesongens første Grimstadvatnet rundt.


Grimstadvatnet har som vanleg start og målgang ved Hareidhallen/Hareid stadion.

Vinnartider 2018/19:

Kvinner:

Løp 1: Ingrid Festø 29:48

Løp 2: Silje Kulen 34:24

Løp 3: Ingrid Festø 30:04

Løp 4: Camilla Svoren 33:08

Menn:

Løp 1: Andreas Vangsnes 26:31

Løp 2: Ådne Andersen 24:10

Løp 3: Olger Pedersen 27:23

Løp 4: Mats Fredriksen 28:40