Vikhammer på Ulstein-besøk

Laurdag føremiddag tek Hødd-damene imot eit nytt trønderlag i Ulstein Arena.

Heimekamp: Hødd tek imot Vikhammer i Ulstein Arena laurdag føremiddag. 

Sport

Sist helg vart det 20–26 tap for Klæbu på heimebane for Hødd-damene, men dette var laget sitt beste resultat så langt i 3.-divisjon, og Hødd håpar nok å ta endå nokre steg når Vikhammer kjem på besøk til helga.


Tok i mot Klæbu på heimebane:

Tapte for trønderane i Ulstein Arena


Vikhammer skal, på same måte som Klæbu sist helg, til Sunnmøre for å spele tre kampar i løpet av helga. Den første går mot Hødd i Ulstein Arena og har kampstart allereie 11:00 laurdag, før turen går vidare til Fosnavåg og kamp mot Bergsøy på kvelden. Søndag møter trønderane Volda 2 i Voldahallen.

Vikhammer har slått Klæbu og Kristiansund i to heimekampar, medan det vart bortetap for Rapp i sesongstarten.


Hødd-trenar Igor Terzic etter 13-35-tapet for Godøy/Valder:

Stortap for Hødd-damene i sesongens første heimekamp