Kåra til Århundrets idrettsutøvar i Møre og Romsdal

Her får Karsten Warholm prisen for Århundrets idrettsutøvar i Møre og Romsdal.  Foto: Arve Hatløy

Kjetil Hasund, Karsten Warholm, Edel Charlotte Eiken Fosse og ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh.  Foto: Arve Hatløy

Sport

Saman med paralympicsutøvaren Tove Gravvold vart Karsten Warholm kåra til Århundrets idrettsutøvar i Møre og Romsdal under Møre og Romsdal Idrettskrets sin idrettsgalla i Molde laurdag kveld.

Møre og Romsdal Idrettskrets fyller 100 år i år og har markert dette med jubileumsgalla på Scandic Seilet hotell i Molde.

Det store høgdepunktet under gallaen var kåringa av århundrets idrettsutøvar i Møre og Romsdal.

Til stor applaus vart Karsten Warholm kåra til århundrets mannlege utøvar i Møre og Romsdal, medan Tone Gravvold frå Surnadal vart kåra til århundrets kvinnelege utøvar i Møre og Romsdal, fortel Sunnmørsposten.

Kjetil Hasund, Karsten Warholm, Edel Charlotte Eiken Fosse og ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh.  Foto: Arve Hatløy