Seks spelarar på fylkeslag

Oliver Eliassen Aske (med ballen) er ein av seks spelarar frå Hareid og Hødd som skal representere Team Møre i kampar mot NFF Trøndelag.  

Sport

Fleire lokale spelarar er tatt ut på Møre og Romsdal sitt fylkeslag til kampar mot NFF Trøndelag 16. og 17. november.

I J14-troppen har ein spelarar både frå Hareid og Hødd. Madelen Eid frå Hødd og Hilde Årsbog Bjåstad er begge i troppen til Team Møre.

Også i G14-troppen er det med to lokale spelarar. Ørn Flø og Oliver Eliassen Aske representerer begge Hødd til vanleg, men er no tatt ut i Team Møre-troppen.

På det eldste gutelaget er det også to karar frå Hareidlandet som skal representere Team Møre. Christian Mork Breivik frå Hareid og Syver Skundberg Skeide frå Hødd er tatt ut i 16-mannstroppen.

Dei fire Team Møre-laga spelar ein kamp kvar både laurdag og søndag. Kampane går i Sodvinhallen i Hemne.