Sikra seg godt utgangspunkt

Hareid må håpe på Volda-siger i kvalifiseringa om opprykk frå 4.-divisjon, og grøntrøyene sikra seg eit godt utgangspunkt borte mot KBK 2.  

Sport

Etter 10.-plassen i 4.-divisjon har Hareid eitt håp igjen for å sikre ny 4.-divisjonskontrakt. Det er at Volda slår Kristiansund BK 2 over to kvalifiseringskampar.

Søndag gjekk den første av dei to oppgjera mellom KBK 2 og Volda, og det var sunnmøringane som kom best ut av kampen på Kristiansund stadion.

Fredrik Malme Kvalnes sørga for at bortelaget gjekk til pause i føringa, med scoring åtte minutt før kvilen, medan Tobias Vassbotn Evebø sørga for at Volda har eit svært godt utgangspunkt før returkampen, då han sette inn 0-2 kvarteret før slutt.

Det var likevel heimelaget som var best i opninga på kampen, og som skapte flest sjansar før Volda tok føringa. Og sjølv om Volda har eit flott utgangspunkt, så er ingenting avgjort, verken om opprykk eller nedrykk, før etter returkampen i Volda komande laurdag. Der får truleg grøntrøyene solid støtte også frå Hareidlandet.