Flott innsats under Skulecupen

Sport

Tysdag var over 400 skuleelevar på plass i Ulsteinhallen for å konkurrere i den sørlege semifinalen i Skulecupen i friidrett. I semifinalane er fylket delt i to og i Ulsteinhallen var det elevar frå skular sør for Moldefjorden som deltok. Målet er å kvalifisere seg til finalen, der elevar frå heile fylket møtest, som blir arrangert i Molde i mai.