Den tidlegare Hødd-leiaren er tilbake i moderklubben:

Otterlei blir ny dagleg leiar i Brattvåg

Oddmund Otterlei (t.v.) tek her Brattvåg-leiar Karl Jørgen Hurlen i handa, og blir med det ønskt velkomen tilbake til klubben han har vore ein del av i mange år tidlegare. Otterlei tek til som ny dagleg leiar frå 1. februar 2020.   Foto: Pressefoto/Brattvåg Fotball.

Sport

Etter mykje turbulens i Hødd, og til dels på grunn av eit dårleg forhold til styreleiar i Hødd Fotball, Ivar Morten Normark, sa Oddmund Otterlei opp stillinga si som dagleg leiar i klubben i januar i år.



Han byrja i stillinga som rektor ved Hildre Montessoriskole - og gjekk med det tilbake til skuleverket. Han kom til Hødd i 2017 frå stillinga som rektor ved Brattvåg ungdomsskule.

Men - no skal han derimot inn igjen i fotballen - nærare bestemt tilbake til moderklubben Brattvåg. Men no som dagleg leiar, ikkje trenar - som han har vore tidlegare. Otterlei har heile 375 A-lagskampar som spelar for klubben.

Otterlei tek til som ny dagleg leiar frå og med 1. februar 2020.





Otterlei følte seg sjikanert av Normark – ble kalt «jævla helvetes udugelig drittunge»

Oddmund Otterlei følte seg sviktet av styret i Hødd Fotball etter en hendelse der han ble skjelt ut av styreleder Ivar Morten Normark. Derfor valgte han å gi seg i Hødd.