Klart for ny fotballfest for barn

Sport

Til helga arrangerer IL Hødd Fotball Tare Cup i Sparebanken Møre Arena. Det skjer for 20. gong.

Totalt skal om lag 1500 spelarar frå 36 ulike klubbar, frå Molde og sørover, spele under Tare Cup. Ifølgje IL Hødd Fotball er det rekordstor påmelding i dei yngste klassene.

- Om lag 400 kampar skal avviklast, og det er venta om lag 10.000 personar innom hallen under Tare-cup. Kampane startar klokka 09.00 på laurdag, og turneringa vert avslutta klokka 16.30 på søndag. For dei unge håpefulle som skal i aksjon er det stor stas at familie, vener og kjente er på plass for å heie dei fram, så vi oppmodar alle om å komme. Her er det plass, seier turneringsansvarleg Per Arve Moldskred i IL Hødd Fotball i ei pressemelding.

Dei yngste laga spelar 3-arfotball, men det blir også spelt både 5-ar og 7-arfotball i Sparebanken Møre Arena denne helga.

For Hødd sin del er dette eit svært viktig arrangement, ikkje berre for aktiviteten sin del, men også fordi det er ei viktig inntektskjelde for breiddefotballen.

- Tare-cup er eit resultat av ein framifrå innsats frå foreldra. Utan innsatsen frå dei rundt 150 frivillige som står på heile helga ville vi ikkje hatt moglegheit for å gjennomføre denne cupen. I tillegg til sponsorane våre som vi er svært takksame for, utgjer Tare-cup ei av dei største inntektskjeldene til Hødd Fotball si breiddeavdeling. Gjennomføringa av denne cupen gjer at vi kan halde eit høgt og god aktivitetsnivå på gode anlegg året gjennom, samtidig som at treningsavgiftene kan haldast lave, seier Moldskred.