– Kan ikkje byrje på nytt heile tida

Hødd avslutta 2019-sesongen på ein sjuandeplass i 2.-divisjon. Det er ikkje godt nok og Sander Håskjold Nyland er ikkje fornøgd med sesongen under eitt, men meiner han er rett mann til å løfte Hødd inn mot 2020-sesongen.

Vil løfte Hødd i 2020: Sander Håskjold Nyland har avslutta sin første sesong som hovudtrenar. No håpar han å få sjansen til å bygge vidare på det han og trenarteamet har byrja på denne sesongen, og at Hødd skal kunne ta steg mot toppen av 2.-divisjon i 2020. Foto: Andreas Bjerknes. 

Sport

– Ein sjuandeplass er ikkje noko Hødd er fornøgde med. Men eg tenker det er viktig å sjå på føresetnadane for sesongen også. Sentrale og store utskiftingar på leiarar og spelarar, og vi mista halve laget frå 2018-sesongen. I tillegg fekk vi i trenarteamet jobben så seint som i midten av mars. Tatt dette i betraktning vil eg seie at sesongen eigentleg var heilt grei, seier trenaren.