Heimekamp i Sulahallen

Hødd møter Utleira 2 i 3.-divisjon laurdag.

Møter Utleira 2: Hødd spelar laurdag kamp mot Utleira 2 i Sulahallen. Her frå møtet med Vikhammer. Foto: Jorulf Myrene. 

Sport

Trønderane frå Utleira 2 kjem på sin andre visitt til Sunnmøre, når dei denne helga skal møte Hødd og Godøy/Valder til kampar laurdag og søndag.

Første gongen Utleira var på Sunnmøre spelte dei i Ulstein Arena, då mot Langevåg/Spjelkavik, men når laget skal møte Hødd går kampen i Sulahallen.



Hødd står utan poeng så langt i sesongen, men viste gode takter i andreomgangen mot Vikhammer sist.

Kampen mot Utleira 2 er kanskje Hødd si beste moglegheit til no denne sesongen for å sikre første 3.-divisjonssigeren. Utleira har nemleg berre vunne ein av sine seks første kampar.