Vel gjennomført miniturnering

Sport

Laurdag arrangerte Hødd Handball miniturnering i handball. Det var med 25 lag frå Hareid, Ulstein, Ørsta, Volda, Bergsøy og Mauseidvåg. Borna var fødde i 2010, 2011, 2012 og 2013. Det var god stemning i Ulstein Arena, og dei som ville kunne sleppe inn i Ulsteinbadet til redusert pris. Tonje Alvestad fortel at dei fekk mange gode tilbakemeldingar på det fantastiske anleget, og mange like godt at hallen låg i sentrum av Ulsteinvik, så dei fekk stikke ut å handle innimellom.