Svært vellukka Tare Cup

Tare Cup: Om lag 1500 spelarar var i aksjon under Tare Cup i Sparebanken Møre Arena i helga. Foto: André Gardshol/Hødd Fotball 

Sport

Hødd Fotball sin daglege leiar, Per Arve Moldskred, er svært godt fornøgd etter ei hektisk turneringshelg i Sparebanken Møre Arena.

— Det var stinn brakke og stormande jubel. Vi sit igjen med ei god kjensle, fortel Moldskred.

Om lag 1500 unge fotballspelarar deltok i turneringa.

— Det var ei litt annleis turnering enn før om åra, med litt nye speleformer. Det var mange lag som deltok i 3arfotball, både for seks- og sjuåringar. Det verka som at alt gjekk på skjener. Kampoppsettet fungerte ypparleg, dei som skulle møte opp møtte opp og vi hadde mange frivillige som gjorde ein strålande jobb! Vi er veldig godt fornøgde, slår Moldskred fast.

Dei frivillige er uvurderlege når Hødd skal arrangere ei så stor turnering i løpet av få dagar.

— Vi er heilt avhengige av dei. Det er mange postar som skal bemannast og mykje folk som skal servast. Det er mykje som må henge i hop, seier Moldskred.

Spelarar frå Hødd sine seniorlag bidrog under turneringa. Her er det Bendik Rise som dømmer under Tare Cup. Foto: Andre Gardshol/Hødd Fotball. 

Denne gongen fekk dei også hjelp frå Hødd sine A-lag både for kvinner og menn.

— Spelarane gjorde ein strålande jobb, med alt frå dømming til speakerteneste. Dei tok i eit tak der det var nødvendig og la ned ein framifrå innsats dei også.

For Hødd-breidde er Tare Cup eit svært viktig arrangement og det blir ein del arbeid for administrasjonen for å sørge for at alt går rett føre seg når ein kjem til turneringshelga.

— Det er mykje jobb i forkant for meg og André Gardshol. Det går på å lage vaktlister, kampoppsett, dommaroppsett, varebestilling med meir. Det er ein del der, og i tillegg var vi der heile helga. Vi var dei første som kom og dei siste som reiste, men sånn må det vere. Det vart ei hektisk helg, men det går heilt greitt når resultatet blir bra!