Klart for påmelding til Grendacupen

Fredrik Aursnes og "Torkelvegen" gjekk til topps i fjorårets utgåve av Grendacupen.  

Sport

Dei tre første herrelaga er allereie på plass til Grendacupen 2019. Den tradisjonsrike romjulsturneringa blir i år arrangert for 26. gong og måndag vart det opna for påmelding.

"Gyazo", "KHB" og "Kirishan FC" er dei tre første laga som er klare for årets turnering, men arrangørane skriv på sine nettsider at dei håpar påmeldingane vil strøyme på i tida framover. Ikkje minst håpar dei det er mange som melder seg på også i dame- og ungdomsklassane.

Grendacupen går tradisjonen tru 28. og 29. desember i Hareidhallen.

I fjor var det "Torkelvegen", med den nylege Eliteseriemeisteren Fredrik Aursnes i spissen, som gjekk heilt til topps i herreklassen.


Grendacupen 2018:

Fredrik Aursnes-show i herrefinalen

Dag to av Grendacupen vart ikkje noko dårlegare enn den første dagen. God fotball og nervepirrande drama stod på programmet.


Påmeldingsfristen er sett til 10. desember.