Stort engasjement rundt fotballgruppa:

– Enormt potensial

Mange møtte opp til det årlege møtet i Hareid IL Fotball tysdag kveld.

Det var svært godt oppmøte under det årlege møtet i Hareid IL Fotball, og kontrasten til mars 2018, då det berre møtte ti personar, var stor. Foto: Andreas Bjerknes 

Sport

I mars 2018 møtte det opp ti personar under årsmøtet i Hareid IL Fotball. Tysdag var det over 40 røysteføre på plass i festsalen på klubbhuset, og det ser verkeleg ut til at engasjementet rundt fotballgruppa har gått rett veg.