Arrangerer strategisamling og medlemsmøte

Styreleiar Ivar Morten Normark under Hødd Fotball sitt medlemsmøte i sommar. No inviterer klubben sine medlemmer til strategisamling og nytt medlemsmøte.  

Sport

IL Hødd Fotball skal den komande tida arrangere både strategisamling og medlemsmøte for sine medlemmer og frivillige.

Først ut er eit strategisamling på Høddvoll komande måndag. Ifølgje Hødd sine nettsider vil samlinga innehalde ei innleiing ved styret i IL Hødd Fotball, samt gruppearbeid der ein skal sjå på klubben sine målsettingar fram mot 2023, samt ein drøftingsdel. Samlinga skal vere for klubben sine medlemmar og frivillige.

9. desember inviterer Hødd til eit ope medlemsmøte på Høddvollvollhuset. I sommar arrangerte Hødd Fotball medlemsmøte på Brygga Sportsbar, der medlemmene i klubben fekk ei oppdatering på stoda i Hødd.