Fredrik Aursnes tok gull i Eliteserien med Molde:

Seriemeisteren

Etter to strake andreplassar i Eliteserien var det endeleg Fredrik Aursnes og Molde sin tur å ta steget heilt til topps.

Seriegull: Fredrik Aursnes scorar her sitt einaste Eliteseriemål denne sesongen, i heimekampen mot Kristiansund. Etter to seriesølv på rad gjekk Aursnes og Molde denne sesongen heilt til topps. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB Scanpix 

Sport

Med den overbevisande 4–0 sigeren over Strømsgodset sist helg er det klart at Molde FK er årets seriemeistrar i Eliteserien. I sin fjerde sesong i Molde vart det endeleg gulljubel for Fredrik Aursnes.