Trener med naboen

Hødd-spelaren Bendik Rise skal trene med AaFK framover. Det skriv klubben på sine nettsider.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Bendik Rise skal denne veka vise seg fram for Aalesunds Fotballklubb. Det skriv klubben sjølv på sine nettsider.

Rise har vore eit fast innslag på førstelaget til Hødd dei tre siste sesongane og har fått med seg 87 A-kampar i serie og cup.

Ifølgje AaFK sine nettsider skal Rise og islandske Stefan Teitur Thordarson trene med klubben framover.

AaFK rykte opp til Eliteserien denne sesongen.