Hødd-styret vil ha Knappen som hovudtrenar

Kevin Knappen er innstilt som Hødd sin nye hovudtrenar. Privat.  

Sport

Det har vore knytt spenning til kven som skal vere Hødd sin hovudtrenar den komande sesongen. Sander Håskjold Nyland har hatt stillinga i år, og har kontrakt vidare med Hødd, men styret har likevel vurdert andre løysingar.

Den siste tida har det blitt klart at det har stått mellom Håskjold Nyland og Kevin Knappen. Knappen var også aktuell før 2019-sesongen, men då valde Hødd-styret å gje jobben til Håskjold Nyland.

Styret i IL Hødd Fotball møttest måndag kveld for å ta den endelege avgjerda om trenarspørsmålet. Møtet varte til godt ut på kvelden, før ein tysdag kunne informere dei tilsette og spelarane i Hødd om kva styret hadde kome fram til.



I ei pressemelding frå Hødd går det fram at Kevin Knappen blir Hødd sin nye hovudtrenar.

I pressemeldinga skriv Hødd at dei vil gå i sluttforhandlingar med Kevin Knappen for å lande ein avtale.

Stillinga vil vere ei deltidsstilling over to eller tre år, der hovudoppgåvene vil vere inn mot klubben sitt A-lag for herrar.

"Styret i Hødd Fotball vil samtidig takke Sander Håskjold Nyland og hans team for godt levert arbeid i sesongen 2019 og ser frem til å fortsatte samarbeidet i kommende år", skriv Hødd Fotball i pressemeldinga.