Sander Nyland blir ikkje a-lagstrenar neste sesong

Sander Håskjold Nyland blir ikkje hovudtrenar for a-laget til Hødd neste sesong.  Foto: Arkiv/Erik K. Heimdal

Sport

Tysdag føremiddag kom nyheita om at Hødd IL vil gå inn i sluttforhandlingar med Kevin Knappen om å verte hovudtrenar for a-laget. Det betyr at Sander Håskjold Nyland, som leia laget i årets sesong, ikkje får halde fram som a-lagstrenar i Hødd.