Andersen og Ingebrigtsen lagt til i EM-troppen

Ådne Andersen er meldt på til EM i terrengløp. Konkurransen går 8. desember i Lisboa.   Foto: Jorulf Myrene

Sport

Onsdag la Norges Friidrettsforbund ut troppen som skal representere Norge under EM i terrengløp. Meisterskapen blir arrangert i Lisboa 8. desember.

Noko overraskande var det berre langrennsløparen Didrik Tønseth som var registrert av seniorløparar på herresida, men torsdag skriv friidrettsforbundet på sine nettsider at tre utøvarar til er meldt på i seniorklassen, medan Jakob Ingebrigtsen er meldt på i U20-klassen.

Dei tre herreløparane som vart meldt på er Filip Ingebrigtsen, Pål Svela og Dimna-utøvaren Ådne Andersen frå Hareid.

For dei to Ingebrigtsen-brørne, samt Didrik Tønseth, vil avklaring rundt deltakinga kome over helga.

Ådne Andersen har imponert stort i fleire løp denne hausten. Han tok mellom anna ein fjerdeplass i terreng-NM, der Henrik Ingebrigtsen vann framom Didrik Tønseth. Andersen har også vunne halvmaraton under Oslo Maraton og ikkje minst sikra seg løyperekorden i Grimstadvatnet rundt. Han kom også på ein åttandeplass under nordisk terrengmeisterskap i Finland.






Knallsterkt av Ådne Andersen under Grimstadvatnet Rundt

Knuste "uslåeleg" rekord

Ådne Andersen frå Dimna IL sytte laurdag for at løyperekorden rundt Grimstadvatnet er tilbake på lokale hender.






Den norske troppen til terreng-EM ser dermed slik ut:

Menn senior – 10225 meter:
Didrik Tønseth, Mosvik IL
Filip Ingebrigtsen, Sandnes IL
Ådne Andersen, Dimna IL
Per Svela, IL Gular

Menn U23 – 8225 meter:
Kasper Fosser, Heming
Simen Halle Haugen, IL Runar
Narve Gilje Nordås, Sandnes IL
Fredrik Sandvik, Askim IF

Menn U20 – 6225 meter:
Ibrahim Buras, Lillehammer IF
Magnus Tuv Myhre, Brandbu IF
Jonatan Vedvik, Tønsberg FIK
Håkon Stavik, Ålesund FIK
Jakob Ingebrigtsen, Sandnes IL

Kvinner senior – 8225 meter:
Karoline Bjerkeli Grøvdal, IK Tjalve
Sigrid Jervell Våg, IL i BUL
Maria Sagnes Wågan, IK Tjalve