Gler seg til å ta fatt på trenarjobben i Hødd:

Knappen: - Oppsida er stor, om vi klarer å trykkje på dei rette knappane

Kevin Knappen blei laurdag klar som ny Hødd-trenar, og seier at dette er eit oppdrag han ser fram til å ta fatt på.

Kevin Knappen gler seg til å ta fatt på trenargjerninga i Hødd.  Foto: Privat.

Sport

- Eg gler meg heilt enormt. Hødd er ein fantastisk tiltrekkande klubb, spør du meg. Det er verkeleg heile Norges oskeladd, og i Ulsteinvik har ein skapt store ting gjennom mange år, seier Knappen til Vikebladet Vestposten.