Hareid IL Fotball:

På trenarjakt

Kenneth Moldskred får ikkje halde fram som Hareid-trenar. Anders Riise stadfestar at Hareid er i gang med trenarjakta.

Anders Riise er ny leiar i Hareid IL Fotball.   Foto: Andreas Bjerknes.

Sport

Måndag skriv Sunnmørsposten at Hareid IL har valt å ikkje signere ny kontrakt med Kenneth Moldskred. Hareid IL Fotball sin nye leiar, Anders Riise, seier til avisa at ein etter ei samla vurdering har bestemt seg for å ikkje tilby Moldskred ny kontrakt.