Tidenes beste sesong

Verdsklasse: 2019-sesongen til Karsten Warholm er den beste nokon gong på 400 meter hekk. I seks av sju konkurransar på langhekken sprang Warholm inn til tider betre enn 47:50. 

Sport

Karsten Warholm har levert frå ypparste hylle heile sesongen, men kor god har Warholm sin sesong vore?

Det internasjonale friidrettsforbundet skriv på sine nettsider at Karsten Warholm har levert ein sesong for historiebøkene. Faktisk er den tidenes beste sesong på 400 meter hekk.

Ikkje berre vann Warholm alle løpa han stilte opp på i løpet av 2019, inkludert då han tok gull under VM i Doha, men Warholm gjorde også noko verdsrekordhaldar Kevin Young aldri klarte.

Warholm sprang nemleg inn til tider betre enn 47:50 i seks av dei sju løpa han deltok i (forsøk og semifinale i VM er ikkje rekna med). Ifølgje det internasjonale friidrettsforbundet har 17 mann vore raskare enn 47:50, men berre fire har gjort det meir enn fire gongar i løpet av heile karrieren. Karsten Warholm sprang seks slike i løpet av eitt år!

Ifølgje det internasjonale friidrettsforbundet har Warholm sine fem beste løp i 2019 ei snitt-tid på 47:210. VM-sølvvinnar Rai Benjamin klokkar inn på 47:322, medan Abderrahman Samba sin 2018-sesong hadde eit snitt på 47:332. Bak desse tre er det hekkelegendene Kevin Young (verdsrekordhaldar) og Edwin Moses som kompletterer topp 5-lista.

Ein kan også ta med at med 46:92 i Zürich er Karsten Warholm tidenes nest-raskaste på 400 meter hekk. Kevin Young sin verdsrekord er på 46:78.

Warholm sine fem beste i 2019:

1. 46:92 - Diamond League-finale i Zürich

2. 47:12 - Diamond League i London

3. 47:26 - Diamond League i Paris

4. 47:33 - Diamond League i Oslo

5. 47:42 - VM-finale i Doha