Sindre Eid melder overgang til AaFK

  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Sindre Eid blir utviklingsleiar i AaFK. Det skriv Hødd i ei pressemelding tysdag. Der viser dei til ei pressemelding frå Aalesunds Fotballklubb der Eid seier:

– Det har lege litt i korta at eg ønska å gjere noko anna. Når det dukka opp ei slik moglegheit, så er det sjølvsagt spennande. Eg er utruleg takknemleg over å få ei slik moglegheit og ser fram til å setje i gang. Det å få jobbe i ein eliteserieklubb og jobbe i toppfotballen med å utvikle og vidareutvikle framtidas AaFK-spelarar i Eliteserien er utruleg spennande. Ikkje minst å få jobbe i team med masse dyktige folk som AaFK har etablert.

Hødd skriv i si pressemelding at ein ønskjer å takke Sindre Eid for innsatsen hans i klubben, både på og utanfor bana.

– Sindre har vore ein sentral person i Hødd-miljøet gjennom mange år. Vi unner verkeleg Sindre sjansen med å jobbe i toppfotballen igjen, seier Hødd sin daglege leiar Per Arve Moldskred.