Hareid IL har tilsett ny dagleg leiar

Ola Kalvø Vattøy er tilsett som ny dagleg leiar i Hareid IL etter Anita Waage. Han tek til i stillinga etter at studiane ved Norges Idrettshøgskole er avslutta til våren.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Sport

Hovudstyret i Hareid IL har tilsett Olav Kalvø Vattøy som ny dagleg leiar. Vattøy overtek etter Anita Waage som har fått eit engasjement i Norges Fotballforbund ut 2020.


Søker dagleg leiar

Anita Waage i Hareid IL har fått permisjon for å jobbe for Norges Fotballforbund.


Ola Kalvø Vattøy er frå Ulsteinvik, er 27 år gamal og er utdanna innan idrettsleiing ved Høgskulen i Molde. No er han i ferd med det siste året i bachelorstudiet Faglærar Kroppsøving ved Noregs idrettshøgskole i Oslo. Planen er at Vattøy skal vere på plass som dagleg leiar når han er ferdig med skuleåret.

– Fram til sommaren vil Jeanette Teigene og eg ta oss av oppgåvene til dagleg leiar, seier leiar i idrettslaget sitt hovudstyre, Vegard Gjerde.

Ola Kalvøy Vattøy har vore engasjert i Hareid IL tidlegare, både gjennom praksisperioden han hadde under høgskulestudiet i Molde og som spelar på Hareid sitt A-lag. Han har vore ein del av spelarstallen sidan 2012 og var kaptein for herrelaget i fjorårets vårsesong. Han har også vore engasjert i den årlege Grendacupen som plar gå føre seg i Hareidhallen i romjula.