Bortekamp mot topplag

Hareid avsluttar haustsesongen med bortekamp mot Aksla.  

Sport

Søndag spelar Hareid sin siste 4.-divisjonskamp i handball før jul. Kampen går borte mot Aksla, som kjempar heilt i toppen av avdelinga.

Før kampen søndag ligg Aksla nemleg berre to poeng bak Rollon på førsteplass og det med ein kamp mindre spelt. Aksla har vunne åtte av ni kampar denne sesongen, og einaste tapet kom mot nettopp Rollon.

No står Aksla med fem strake sigrar og i løpet av sine to siste kampar har dei score heile 77 mål.

Det betyr at Hareid får ei solid utfordring, spesielt defensivt, og at det blir svært viktig for raudtrøyene å få forsvarsspelet til å fungere.

Hareid har vunne to kampar denne sesongen, heime mot Bergsøy II og borte mot Sykkylven, men sist helg vart det eit klart tap for Isfjorden heime på Hareid.