– Eg fann ut at eg berre måtte prøve

André Nevstad har fått seg ny jobb. Frå januar skal han vere dagleg leiar i eliteserieklubben Mjøndalen. 

Sport

André Nevstad vart torsdag presentert som ny dagleg leiar av eliteserieklubben Mjøndalen. Det blei dermed berre eit kortvarig opphald i bankbransjen før Nevstad fann vegen tilbake til fotballen. Den tidlegare spelaren, sportssjefen og daglege leiaren i Hødd byter no ut Ulstein kommune med Nedre Eiker.