Sprek start på 2020?

Laurdag er det igjen klart for Grimstadvatnet rundt.

Først: Kamal Thalil frå Dimna IL var raskast i det andre løpet i vinterkarusellen på Hareid. Foto: Ingvild Aursøy Måseide. 

Sport

Vinterkarusellen på Hareid går inn i andre halvdel når det tredje av fire løp i Grimstadvatnet rundt blir arrangert laurdag.

Som vanleg går løpet første laurdagen i månadane frå november til februar og den tredje utgåva er ei fin moglegheit til å starte nyåret på sprekt vis.

Vêrmeldingane ser også ut til å spele på lag med arrangørane, for etter ein del vind fredag ser det ut til at både nedbøren og vinden spaknar til løpet laurdag ettermiddag. Det kan likevel vere verdt å ta på seg skikkeleg fottøy, for det er meldt ein del snø både fredag og utover morgonen laurdag.

Ådne Andersen slo til med ein utruleg sterk start på vinterkarusellen 2019/20 då han sette løyperekord i november. Vinnartida då vart på strålande 22,39 på dei 7,8 kilometrane.

I løp nummer to var det Kamal Thalil frå Dimna IL som var raskast. Då var føret alt anna enn enkelt, men Thalil kom likevel i mål på 27:20 og tok ein klar siger, etter å ha blitt nummer to i sesongens første løp.

Marie Teige Grov var raskaste kvinne i løp nummer 1, medan Oda Renate Topphol Midtflø var raskast i det andre av dei fire løpa.