Svensk angripar klar for Hødd

Sport

Hødd har fått på plass si første spelarsignering i 2020. Onsdag vart den svenske spissen Melvin Frithzell klar for klubben.

I ei pressemelding frå Hødd seier Kevin Knappen:

"Melvin er ein spelar vi har gode referansar på, med erfaring frå Superettan i Sverige og Superliga i Danmark. Det er ein kvikk spelar som jagar bakrom, spring mykje og ofte. Ein god avsluttar, med nase for mål. Ein spelar som prioriterer laget. Vi er glade for at Melvin valde Hødd og Ulsteinvik"

Frithzell spelte for IK Frej Täby og Örgyte i Superettan i 2019. Svensken signerte onsdag kontrakt med Hødd ut 2020.

23-åringen har tidlegare spelt for Malmö FF (moderklubb), Kvarnby IK, IFK Värnamo, FC Helsingör, Landskrona BoIS, IK Frej Täby, Örgryte IS.

A-laget til Hødd startar opp treningane sine komande måndag.