Cubansk verdsmeister til Ulsteinhallen

I 2019 var det Serhiy Nykyforov som stod for dei lengste spranga i Ulsteinhallen. I år kan ein truleg vente hopp over åtte meter under Karsten Warholm International.  

Sport

Det blir lagt opp til lange svev under den andre utgåva av Karsten Warholm International i Ulsteinhallen. I ei pressemelding torsdag skriv arrangørane at Juan Miguel Echevarría frå Cuba skal delta i lengdekonkurransen under stemnet.

Echevarría blir 22 år i august, men har allereie sikra seg VM-gull innandørs i 2018. Då var han berre 20 år og hoppa heile 8,46. I Doha tok Echevarría bronsemedalje, i tillegg til at han vann tre av tre Diamond League-stemne han deltok i.

"Hans personlege rekord er vanvitige 8,68. Arrangøren var litt bekymra for om slike lengder let seg gjere i Ulsteinhallen, men Teknisk arrangør Dimna IL, ved Arve Hatløy, kan heldigvis roe med at lengdegropa er 11 meter lang, så hopp i verdsklasse skal gå fint", skriv arrangørane av Karsten Warholm International i pressemeldinga.

Echevarría skal bryne seg på noko av det beste Norge har å by på i lengdegropa, med Ingar Kiplesund i spissen. Han har den norske rekorden med 8,10 og i tillegg skal Henrik Flåtnes med "pers" på 7,65 delta. Flåtnes tok andreplassen under Karsten Warholm International i 2019.

– Eg synest det er veldig kjekt å få inn «world class» aktive til stemnet, det er den beste bursdagsgåva eg kan få, seier Karsten Warholm som fyller 24 år på stemnedagen.

Kristine Haddal fortel at billettsalet til elitestemnet 28. februar går godt, og at nokre felt truleg snart er utselde. Ho oppmodar dei som ønskjer seg billettar om å vere ute i god tid.