Startar mot Molde - avsluttar mot Molde 2

Hødd møter mellom anna Molde, AaFK, Florø og Brattvåg i oppkøyringa til 2020-sesongen.  

Sport

Hødd presenterte torsdag A-lag herre sine treningskampar i oppkøyringa før 2.-divisjonssesongen.

Kevin Knappen sine menn startar på Aker Stadion med kamp mot Molde. Den kampen går laurdag 1. februar.

I løpet av februar skal laget i tillegg spele kampar mot Spjelkavik, AaFK, Brattvåg og AaFK 2. I mars blir det kampar mot Florø og Træff, før ein avsluttar oppkøyringa med kamp mot Molde 2.

Sjå oversikta på Hødd sine nettsider

Seriestart er borte mot Florø 13. april.

Hødd sin nye trenar skal vere på plass på Høddvoll måndag og då gjennomfører laget si første fellestrening i 2020.

Hødd sitt A-lag for kvinner hadde si første trening i oppkøyringa onsdag. Då var det Andre Gardshol som leia treninga, men her ventar ein framleis på å få på plass eit trenarteam for 2020-sesongen.

Ifølgje Gardshol vil damelaget sine treningskampar kome på eit seinare tidspunkt.