Håpar på trenaravklaring i løpet av få veker

Jesper Törnqvist er sportsleg leiar for breiddefotballen i Hødd.  

Sport

Det er på noverande tidspunkt ikkje klart kven som skal trene Hødd sitt 2.-divisjonslag for kvinner den komande sesongen. I 2019 var laget leia av André Gardshol, med hjelp frå både Sindre Eid og Robin Shroot. No har Sindre Eid fått seg jobb i AaFK, medan Gardshol har utvida oppgåver i Hødd-administrasjonen. Dermed må laget ha ny trenar.