Hødd og Hasundgot samarbeider om keeperakademi

Martin Løset skal ha hovudansvaret for det nystarta keeperakademiet som Hasundgot og Hødd samarbeider om.   Foto: Hødd Fotball

Sport

Hasundgot og IL Hødd Fotball skal samarbeide om keeperakademi.

Dette skal vere eit tilbod for spelarar i aldersgruppa 13–16 år, skriv Hødd på sine nettsider.

Det er Martin Løset som vil ha hovudansvaret og som skal koordinere aktiviteten og planlegge innhaldet i øktene.

Ifølgje Hødd vil keeperakademiet starte opp allereie laurdag og i vinter vil ein ha treningar i Ulsmohallen kvar laurdag. Utover året vil ein ha treningar både på Hasundgot stadion, i Haddal og på Høddvoll.

– Dette er noko vi eigentleg har hatt behov for lenge, å få til noko for keeperane våre, fortel Jesper Törnqvist.

Hødd sin sportslege leiar for breiddefotballen fortel at ein har forsøkt ulike tiltak tidlegare, men utan at det har blitt varige prosjekt.

– No får vi med Martin, som også har hatt keeperskular i Hasundgot, og som er veldig gira på å få til dette. Vi vart einige om at dette var noko vi kunne samarbeide om. Så langt har vi ti påmelde til laurdag og eg trur dette blir kjempebra, både for våre keeperar og for keeperar frå naboklubbane, seier Törnqvist.

Han legg til at tanken er at ein kjem til å involvere ulike instruktørar etter kvart. Det gjeld både trenarar som jobbar med keeperar og eldre keeperar i Hødd.