Prøvar å få til Hareid 2-lag

Hareid 2 kom seint, men godt i 2019. No satsar fjorårets store haustlag å stille anten i 6.-divisjon eller sjuarserien.

Hareid 2: Dei to Hareid 2-legendene Per Ståle Nykrem og Ivar André Aadland i trening på Bigset skule onsdagskvelden. Foto: Emil Johannes Dahlen Folkestad 

Sport

Hareid 2 stilte sjuarlag i fjor haust, men har sidan mista ein del spelarar. Både toppscorar Håvard Øvrelid, årets spelar Joar Møller, Joachim Moldskred og Nikolay Sundgot trenar no med a-laget. Øyvnd Grimstad Gryt har lagt opp, Sander Moldskred mistar heile sesongen grunna skade, Andreas Rise forsvinn på skule i februar, nokre blir med det nyoppstarta juniorlaget, medan trenarane ikkje har lykkast med å spore opp eit par andre etter vinterdvalen.

Så langt har tidlegare Hareid 2-spelarar som Kurt Haddal, Ivar André Aadland og Per Ståle Nykrem vore med på trening, medan tidlegare mangeårig a-spelar Eiliv-Tore Howlid har sagt han blir med. Eit par andre ex-spelarar kan også vere på veg inn.

Men Hareid 2-gruppa er enno i minste laget med tanke på å få til eit lag, i alle fall om det skal bli 11-arlag. Så alle nye og gamle interesserte blir bedne om å møte i Hareidhallen kl. 19.25 komande søndag.

Kven som skal trene Hareid 2 blir klart seinare i januar. Emil Johannes Dahlen Folkestad og Benjamin Slettebakk har leia årets to første treningar.