Inviterer til årets første innandørsstemne

25. januar inviterer Dimna IL til innandørsstemne i Ulsteinhallen.   Foto: Erik Heimdal.

Sport

Laurdag 25. januar arrangerer Dimna IL innandørsstemne i friidrett i Ulsteinhallen. Dette er eit nasjonalt innandørsstemne med deltaking frå rekrutt og opp til senior.

I innbydinga frå Dimna IL går det fram at desse øvingane står på programmet:

  • Rekrutt: 60 m og lengde
  • 10 år: 60 m, 200 m, lengde, kule
  • 11-12 år: 60 m hekk, 60 m, 200 m, 600 m, kule, høgde, lengde
  • 13-14 år: 60 m hekk, 60 m, 200 m, 600 m, lengde, høgde, stav, kule
  • 15-19 år og senior: 60 m hekk, 60 m, 200 m, 400 m, 800 m, lengde, høgde, stav, kule
  • Senior: 3000 m kappgang

Stemnet går berre ei veke før innandørs-NM, som blir arrangert 1. og 2. februar i Bærum. 28. februar er det igjen friidrett i Ulsteinhallen, då Karsten Warholm International blir arrangert for andre gong. Den helga blir det også arrangert ope KM i Ulsteinhallen.