Kvålsvoll til Ulsteinvik

Tidlegare proffsyklist Atle Kvålsvoll  Foto: Pressebilde

Sport

Den tidlegare proffsyklisten Atle Kvålsvoll kjem til Ulsteinvik i neste veke.

Onsdag 22. januar skal han ha foredrag i Ulsteinvik, der tema er optimal samansetning av trening.

Kvålsvoll deltok i OL i 1984, har vore med i Tour de France seks gongar og har vore personleg trenar for Thor Hushovd.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Sparebank1 Søre Sunnmøre, Ulstein og Omegn Sykkelklubb og sykkelklubben i Ørsta.

Etter foredraget kan dei som vil vere med på ei felles sykkeltrening, der Kvålsvoll vil gje tips og råd, skriv Sparebank1 i ei pressemelding.

Kvålsvoll er i dag prosjektleiar i Olympiatoppen Midt-Noreg og bedriftsrådgjevar i Avantas Aktiv.