Tapte klart for Vestnes/Varfjell – men deppar ikkje av den grunn:

- Vi skal vere godt nøgde med prestasjonane våre

Kampen mellom Hareid og Vestnes/Varfjell i Hareidhallen blei ein tøff batalje, og gjestane blei til slutt eit par nummer for store for raudtrøyene. Her er Maria Juul Hansen på veg gjennom.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Laurdag fekk Hareid besøk av Vestnes/Varfjell i Hareidhallen. Sjølv om det til slutt blei ein ganske stor differanse mellom dei to laga, var dei to «stand in»-trenarane klare på at prestasjonen var god.