Tre Dimna IL-utøvarar var i aksjon under UM og NM i Nes Arena. Prestasjonane var imponerande, ifølgje Dimna IL sin mangeårige klubbtrenar, Arve Hatløy - som var med utøvarane.
Synnøve Verås Grimstad tok UM-bronse i mangekamp i klassen J15 - med 2.858 poeng.
Ho persa i fire av fem øvingar, då ho klarte 9,51 på 60 meter hekk, 154 cm i høgde, 7,82 meter i kule og 1,55,06 på 600 meter. På lengde sveva ho 4,44 meter.
Bronse også i NM
Andrea Skaar Berg konkurrerte i same klassen - og låg på sølvplass før den avsluttande 600 meteren. Der fekk ho ifølgje Hatløy problem med ein kneskade og mista pallen etter den siste øvinga. Men - ho kan likevel glede seg over å ha satt personleg rekord på 60 meter hekk, med tida 9,39. Det heldt til siger i den enkeltøvinga.
Caroline Amalie Sætre tok bronsemedaljen i juniorklassen under NM i mangekamp.
Ho persa både på 60 meter hekk (9,66)- og høgdeøvinga (151 cm).