André Nevstad har starta som dagleg leiar i Mjøndalen IF:

– Gler meg til å følgje Hødd

André Nevstad startar året i ny fotballjobb, men han kjem framleis til å følgje godt med på kva som skjer i gamleklubben.

Ny rolle: Etter at André Nevstad slutta i Hødd våren 2019 har han jobba i Sparebanken Møre i Ulsteinvik. I det nye året tek Nevstad til på nye oppgåver, tilbake i fotballen, som ny dagleg leiar i eliteserieklubben Mjøndalen. 

Sport

Sist torsdag hadde André Nevstad sin siste arbeidsdag i Sparebanken Møre i Ulsteinvik. Fredag starta eit nytt kapittel. Då tok han til på sitt nye fotball-liv i Mjøndalen IF. For første gong sidan ein kort periode i Molde på 90-talet skal Nevstad bu vekke frå Ulsteinvik.