Sølv til Opsal

Anna Garnes Kleven og Kornelia Rkom på 4. og 5. plass i lengde.  Foto: Arve Hatløy

Sport

Toralv Opsal, Dimna IL, fekk NM-sølv i høgde i dag.

Han hoppa 2,04 meter, noko som også er ny pers.

Anna Garnes Kleven, Dimna IL, tok 4. plass i lengde. Ho hoppa 5,60 meter, og var berre ein centimeter bak bronsemedaljen!

Kornelia Roppen, Dimna IL, kom på 5. plass, med resultatet 5,52 meter. Caroline Sætre, Dimna IL, var også i lengdefinalen og kom på 12. plass.