To bronsar og fleire persar

Fride Møller Flatin og Toralv Opsal fekk kvar sin medalje laurdag under NM i friidrett  Foto: Arve Hatløy

Sport

I Bærum idrettspark blir det arrangert NM i friidrett denne helga. Dimna IL melder om at det vart ein god dag laurdag. Både Fride Møller Flatin og Toralv Opsal kom på pallen, med kvar sin bronse. Fride i kappgang og Toralv i kule.

Toralv Opsal sette ny personleg rekord med 13,83 meter.

Også Jonas Andre Ose sette pers då han sprang 60 meter på tida 6,96 sekund. Han kom på 8. plass i finalen.

Alice Ulla Berg vart nummer 4 i finalen på 60 meter, med tida 7,62 sekund. Også det var personleg rekord.

Nicolas Roppen Masters sette også pers med tida 7,16 sekund. Og på 200 meter sette Anna Garnes Kleven pers med tida 26,04 seskund.

Marie Teige Grov debuterte i NM og deltok i kappgang. Der ende ho på 4. plass.