Landslagsplass for Hødd-spelar

Syver Skundberg Skeide er tatt ut i Norges G16-landslagstropp til UEFA-turnering på La Manga. Foto:Privat 

Sport

I månadsskiftet januar/februar deltok Hødd-spelaren Syver Skundberg Skeide på Equinor Talentleir i Sarpsborg. Talentleiren er arrangert i regi av Norges Fotballforbund og Skundberg Skeide var tatt ut i det som blir kalla ein "skuggelandslagstropp".



NFF skildrar desse talentleirane som det nest-øvste nivået i sin spelarutviklingsmodell, der det neste steget er å spele landskampar.

Den moglegheita kan Syver Skundberg Skeide få ganske snart, for etter talentleiren i Sarpsborg er han ein av 18 spelarar som er tatt ut i den norske G16-landslagstroppen til UEFA development tournament på La Manga.

Der skal det norske laget få bryne seg på Tsjekkia, Wales og Slovakia, med første kamp 15. februar og siste 20. februar.

Det er landslagstrenar Jan Peder Jalland som har tatt ut troppen, der to ytterlegare spelarar blir tatt ut seinare. Av dei 18 spelarane som er tatt ut er det berre Skundberg Skeide som kjem frå ein klubb på Sunnmøre. Frå Møre og Romsdal er også Kristiansund BK representert.

Heile troppen:

Andreas Brede Albertsen - Sandefjord
Henrik Webb Dahl - Start
Adhurim Mjekiqi - Sarpsborg 08
Kristoffer Paulsen - Viking
Jonas Skjerven Valland - FK Haugesund
Magnus Riisnæs - Vålerenga
Isak Tomar Hjorteseth - Fyllingsdalen
Andreas Schjelderup - Bodø/Glimt
Isak Hansen-Aarøen - Tromsø
Oskar Siira Sivertsen - Kristiansund
Syver Aas - Odd
Marius Berg Fossum - Stabæk
Edmund Owusu - Lillestrøm
Jesper Robertsen - Tromsø
Syver Skeide - Hødd
Olav Veum - Stabæk
Noreddin Amshatat - Odd
Berkay Duman - Strømsgodset