Hødd låner AaFK-spelar

Markus Karlsbakk spelte treningskampen mot Molde laurdag. No er det klart at Hødd låner spelaren frå AaFK ut 2020.  

Sport

Markus Karlsbakk har som venta signert ein utlånsavtale med Hødd og AaFK-spelaren er dermed klar for spel i blåkvitt i 2020. Det melder Hødd i ei pressemelding.

2000-modellen har spelt 64 kampar for AaFK sitt andrelag, hovudsakleg i 3.-divisjon, men har også fått debuten for AaFK sitt A-lag.

– Vi er veldig fornøgde med å få Markus til Hødd. Med Markus får vi inn ein offensiv spelar med gode ferdigheiter med ball, ein god avsluttar som også har eigenskapen til å gjere andre god. Vi trur han kan ta store steg saman med laget i 2020, seier Kevin Knappen i pressemeldinga.

Kevin Knappen og Markus Karlsbakk. Foto: IL Hødd Fotball 

Markus kommenterer dette til Hødd:

– Eg ser fram til ein sesong i Hødd og det verkar som ein bra klubb å ta det neste steget i.

Markus Karlsbakk har trent med Hødd i fleire veker allereie og spelte treningskampen mot Molde laurdag.