Imponerande rekkje for Hødd-jentene

Andrea Sætre scora seks av Hødd sine mål i J18-kampen mot Volda.   Foto: Arkiv

Sport

Hødd sitt J18-lag har verkeleg fått fart på poengfangsten. Laget starta sesongen med fire strake tap, mellom anna mot topplaga Molde 2 og Skodje, men frå desember til no har laget vunne alle sine kampar og står no med seks topoengarar på rad.

Tysdag kveld var laget i Voldahallen for bortemøtet med Volda.

Kampen opna jamt. Oda Ulstein scora det første målet i kampen, men laga følgde kvarandre tett til 7–7. Derfrå scora Hødd tre strake og fekk ei luke. Før pause hadde denne auka til fire mål og Hødd var i føringa på 9–13.

Etter pause var det heimelaget som starta best. Frå 9–13 kneip dei inn mål etter mål og Volda kom opp i 14-15, men så slo Hødd til igjen. I løpet av ein timinuttsperiode rykte Hødd ifrå, skaffa seg på ny ei luke og var oppe i seksmålsleiing fem minutt før slutt.

Sekundet før full tid sette Andrea Sætre inn kampens siste mål og sørga for at det enda 18–24 i Voldahallen.

Sætre vart Hødd sin toppscorar med seks mål, medan både Oline Rise Kvalen og Oda Ulstein scora fem for Hødd.

Det er Molde som toppar avdelinga med 17 poeng. Skodje følgjer deretter og har 12. Hødd har like mange, men fleire spelte kampar enn laga framom seg på tabellen. Til helga møter Hødd sitt J18-lag SIF/Hessa/Spjelkavik II på bortebane.

Kampfakta:

TrønderEnergi-serien, J18 avdeling 1

Volda – Hødd 18 – 24 (9–13)

Voldahallen

Dommarar: Hadid Tavaen, Gunnar Knutsen

Tominuttarar: Volda – 0. Hødd – 2.

Hødd: Frida Flø (3), Malene Skaar Berg (3), Oda Ulstein (5), Andrea Sætre (6), Signe Støylen, Frida Løset, Oline Rise Kvalen (5), Kathrine Ulstein Fredriksen (1), Emma Ulstein (1), Johanne Orvik.